page view image

HARDANGER BIG BAND & BRIOTRIO

Information
event image

Storbandentusiastane Arild B. Nielsen og Ingrid Ø. Steinkopf har begge blitt tildelt Norsk Jazzforum sin storbandpris, Ingrid i 2020 og Arild i 2021. Dei er begge nyfikne på ny musikk, og nye former for samarbeid - og eit felles prosjekt mellom Briotrio og Hardanger Big Band vart fødd, eit samarbeidsprosjekt mellom det frivillige kulturlivet i Hardanger og det profesjonelle jazzmiljøet i Bergen. 

Låter frå Briotrio sitt univers er løfta inn i storbandformat i nyskrivne arrangement og med ei besetning som inkluderer dobbel kompgruppe og solistar. Her får publikum oppleva ein konsert med eit nytt og spennande klangunivers med stort spenn, store kontrastar og mykje energi - servert med eit variert og dynamisk uttrykk.
Briotrio
spelar folkeleg, moderne jazz i skjæringspunktet mellom amerikansk swing, nordiske jazztradisjonar og afrikansk inspirasjon. Musikken har eit akustisk sound, eit lyttande samspel og svingande groove. Trioen starta opp i 2015 i Bergen, og har halde på sidan. Dei har gitt ut to album på AMP Music & Records, og slapp si seinaste plate “Voyage” på Losen Records våren 2025. 

INGRID Ø. STEINKOPF piano/fløyte THOMAS A. LOSSIUS kontrabass ARNE S. SJØEN trommer/vokal


Hardanger Big Band er eit tradisjonsrikt og ambisiøst storband som kombinerer lokal forankring med internasjonale samarbeid. Dei er kjende for høg kvalitet, spennande prosjekt og eit sterkt engasjement for jazz i Hardanger. HBB vart starta i Jondal i 1987 av trompetist og musikalsk leiar Arild B. Nielsen, som framleis etter snart 40 år står i front for bandet. Storbandet består av musikarar frå heile Hardanger og Bergen, og vert rekna som ein sentral kulturaktør i Hardanger. HBB vart tildelt Jondal kommune sin heiderspris i 2003. Plata «Kryssande» vart gjeve ut på NOR-CD i 2014, nytt album er no under arbeid og kjem ut på Losen Records til jul.

ARILD B. NIELSEN trompet/musikalsk leiar ANNE CATHRINE EIKEN vokal  ANGUNN HANDEGARD TRÅ / TORE GJELSVIK / ANNE KARIN STORMYR / EINAR RUNE HAUGNES / ANN-JUNE C. FYKSE saxofoner GRETE IVERSEN LILLEFOSSE / TROND STEINSTØ / OLAI MOSTAD trombone METTE S. FONNELAND  SOLVEIG-MARIE HUUS / ÅSE-KARIN STRØNEN / SARAH MARIE RØSTBØ trompet GRO BELSNES EIDE piano HÅVARD UKVITNE gitar LARS HÅVARD BIRKENES trommer EIVIND B. NIELSEN lyd JAN-TORE HUUS crew



Dørene åpner 14:30, konsertstart 15:00

MEDLEMSKAP
SESONGKORT
VERGESKJEMA


Praktisk informasjon

Meld deg på nyhetsbrevet vårt her!


Foto: Sjur Tarjei Fykse

bergenjazzforum jazz jazzforum bjf vestnorskjazzsenter usf verftet sardinen usfverftet hardangerbigband&briotrio hardangerbigband briotrio bigband ingridsteinkopf thomaslossius arnesjøen arildbnielsen

Restriktioner

Kun unummererte plasser.

18 års aldergrense. Vergeskjema tilgjengelig her: https://forms.gle/FdVCjLKR2GbStxP37
Verge må være fylt 25 år og avstå fra alkohol under arrangementet.
Inntil to personer under 18 år pr. verge.

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.

Rabatterte billetter er kun gyldig ved fremvisning av medlemskort eller rabattbevis.