KARL SEGLEM TRIO

INFORMACJE O IMPREZIE

KARL SEGLEM tenorsax, bukkehorn HÅKON HØGEMO hardingfele KÅRE OPHEIM trommer

Tenorsaksofonist, bukkehornist, poet, plateselskapgründer, og ein utøvar som har laga seg eit unikt prosjekt i tussmørkret mellom folkemusikk og jazz. Karl Seglem er ein av våre fremste tenorsaksofonistar og bukkehorn-blåsarar, og er å rekna som ein institusjon i norsk musikkliv. Han nærmar seg 40 plateutgjevingar, og har utvikla eit sterkt personleg uttrykk der melodisk jazzimprovisasjon og norsk folkemusikk møtes i ulike format. I 2010 vart han tildelt Buddyprisen, i 2012 skreiv han tingingsverket "Som spor" til Vossa Jazz.Denne runden har han med seg hardingfelemeister Håkon Høgemo – i seg sjølv ein akta utøvar, soloartist og Spellemannprisvinnar, og trommevirituost kraftsenter Kåre Opheim som har vore sentral i fleire av Seglems band i nærare 10 år, kjend frå RealOnes og Sigrid Moldestad. Tre menn som spelar for livet - og elskar det. Tett, intimt, direkte og med eit akustisk hjarte for tradisjon, nyskaping og grenseoverskriding.

Dørene åpner 20:00, konsertstart 21:00

Kjøp medlemskap for høsten

Praktisk informasjon

Konserten presenteres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter

Meld deg på nyhetsbrevet vårt her!

Fotograf: Paal Dybwik

bergenjazzforum
jazz
jazzforum
usf
usfverftet
verftet
bjf
vestnorskjazzsenter
konsert
karlseglemtrio
karlseglem
seglem
trio
haakonhogemo
kaareopheim

Restrykcje

Kun unummererte plasser.

18 års aldergrense (Vergeskjema tilgjengelig i døren)
Verge må være fylt 25 år og avstå fra alkohol under det gitte arrangementet.
Inntil to personer under 18 år pr verge.

Ograniczenia

Kjøpte billetter refunderes ikke.

Rabatterte billetter er kun gyldig ved fremvisning av medlemskort eller rabattbevis.