OMRÅDE 51 - FRODE GRYTTEN & MORTEN QVENILD

EVENT INFORMATION

LANDET BORTANFOR LANDET

FRODE GRYTTEN vokal MORTEN QVENILD musikk, vokal IVAR GRYDELAND gitarer, banjo, pedalsteel STIG GUNNAR RINGEN lyd KYRRE HELDAL KARLSEN lys, video

OMRÅDE 51, eller Area 51, er namnet på eit hemmeleg område i Nevada, der det amerikanske forsvaret testar ut fly og våpensystem. Det er også eit kontrollsenter for avanserte droner. Her blei det legendariske U2-flyet prøvd ut, og viktige delar av teknologien bak måneferdene utvikla. Musikken utspelar seg i dette landskapet, ein stad der ørkenkøntri og tekno lever side om side. Musikken vil spegle delinga mellom det naturlege og det menneskeskapte, det dynamiske og det kontrollerte.

Musikken vart først fremført som eit tingingsverk på Energimølla og Kongsberg Jazzfestival. Men hausten 2019 kom musikken ut på dobbel vinyl, og samstundes vart tekstane sluppe i bokform på Oktober Forlag. Eit politisk og akutt viktig verk av Frode Grytten og Morten Qvenild.

«Vi lever midt i ein krig, ein krig vi ikkje ein gong får auge på, fordi han ikkje blir utkjempa på den tradisjonelle slagmarka. Denne krigen blir utkjempa under bakken og oppe i lufta, med maskinar, kablar, fiber, satelittar, dronar. Det er ein hemmelig krig, klassifisert og usynlig, budsjetta er ikkje underlagt demokratisk kontroll. 

Dei stridande opererer på svarte område, stadar som ikkje er plotta inn på kartet, i landet som finst bortanfor landet. Krig er blitt ein blodflekk som har trekt så djupt inn i kvardagen at han er farga på same vis som alt rundt seg, som del av eit vanlig plagg. Vi lever med krigen, slik fisken lever i vatnet. 

Verket ”Landet bortanom landet” tematiserer i ord og musikk denne utviklinga, og viser korleis krig i dag er blitt ei usynlig verd. Det uttrykker ei frykt for at vi ikkje lenger kan opponere mot krigen, fordi han ikkje finst. Vi diskuterer ikkje utviklinga av nye system for å drepe kvarandre, eller militariseringa av himmelrommet, eller dei enorme militærbudsjetta. 

Dei fleste av oss veit ingenting om programma som er sett i gang og som verkar utanfor oss. ”Landet bortanfor landet” tar oss med til området som er befolka med personell som skal forsvare oss, men som gjerne burde skremme oss meir enn noko anna på kloden.»

 

Dørene åpner 20.00, konsertstart 21.00.

Kjøp medlemskap for våren (i salg fra 1. desember)

Praktisk informasjon

Konserten presenteres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.

Meld deg på nyhetsbrevet vårt her!

bergenjazzforum
jazz
jazzforum
sardinen
usf
usfverftet
verftet
bjf
vestnorskjazzsenter
jeffparkerandthenewbreed
jeffparker
parker
thenewbreed
joshjohnson
paulbryan
jamirewilliams
gitar
effekter
saksofon
bass
trommer

Restrictions

Kun unummererte plasser.

18 års aldergrense (Vergeskjema tilgjengelig i døren)
Verge må være fylt 25 år og avstå fra alkohol under det gitte arrangementet.
Inntil to personer under 18 år pr verge.

Waiver

Kjøpte billetter refunderes ikke.

Rabatterte billetter er kun gyldig ved fremvisning av medlemskort eller rabattbevis.