Sondre Bratland - Rosa frå Betlehem

EVENTINFORMATIONEN
Default file 1507713478

SONDRE BRATLAND – «ROSA FRÅ BETLEHEM

Dørene åpner 18.30, konsertstart 19.00. 

SONDRE BRATLAND røyst IVER KLEIVE orgel KNUT REIERSRUD gitar PAOLO VINACCIA trommer, perkusjon

Årets julekonsert! Her får du kjente songar som «Mitt hjerte alltid vanker» og «Det hev ei rosa sprunge» tolka av ein unik kvartett. Sondre Bratland og Iver Kleive møttest allereie i 1982 til innspelinga av Pilegrimens sangbog – noko som var starten på eit heilt særeige uttrykk og eit vedvarande samarbeid. Grunnsteinen for dagens band vart lagt i Fødselskyrkja i Betlehem, der «Rosa frå Betlehem» vart spelt inn i 1992 og feirar i år 25-års jubileum – ei plate som har seld 60 000 eksemplar og blir rekna som ei av dei vakraste knytta til julebodskapet. Vakkert, høgtidsstemt og sakralt.

Gjennom dei siste 30 åra har Sondre Bratland markert seg som den viktigaste folkesongaren i Noreg. Han har gitt ut 13 soloalbum, medverka på 25 andre og han har halde konsertar i meir enn 600 kyrkjer frå Lindesnes i sør, til Finnmark i nord Religiøs folkesong er Sondre Bratland sitt spesialområde, men uttrykket spenner frå norsk kvedartradisjon til country. Han har vore med på å sprengje grenser mellom ulike musikksjangrar og slik gjort norsk folkesong tilgjengeleg for eit større publikum. Med seg har han eit stjernelag av musikarar: Iver Kleive er organist i verdsklasse med ein cv som strekkjer seg frå Olav Anton Thommesen til Carola, medan bluesasylant Knut Reiersrud kan trylla fram folkemusikk frå heile verda med gitarane sine. Bak trommene sit Paolo Vinaccia, kjent mellom anna frå Terje Rypdal, Jan Eggum, Jonas Fjeld og Arild Andersen forutan å ha spelt på godt over hundre plater.

Les intervju med Sondre Bratland i ENO.

Arrangør: Bergen Jazzforum i samarbeid med Kjell Kalleklev Management & Vestnorsk Jazzsenter.


bergenjazzforum
jazz
jazzforum
bjf
domkirken
sondrebratland
julekonsert
rosafrabetlehem
bratland
iverkleive
kleive
orgel
knutreiersrud
reiersrud
gitar
paolovinaccia
vinaccia
trommer
perkusjon
kjellkalleklevmanagement
vestnorskjazzsenter

Einschränkungen

Kun unummererte sitteplasser.

Verzichtserklärung

Kjøpte billetter refunderes ikke.

Rabatterte billetter er kun gyldig ved fremvisning av medlemskort eller rabattbevis.