Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Berit Opheim, Karl Seglem, Nils Økland, Sigbjørn Apeland
Draumkvedet, vår mest kjende middelalderballade, er ein ekte januarklassikar og ein tradisjon for mange musikkelskarar. Ein av våre fremste folkesongarar, Berit Opheim har arbeidd med Draumkvedet i heile sitt kunstnarliv og framført det tallause gonger. Slik ingen andre kan, formidlar ho historia om Olav Åsteson som sovnar julaftan og vaknar opp 13. dag jul.
I nyrestaurerte Korskirken i Bergen, tolkar Berit Opheim det store visjonsdiktet saman med tre av sine beste musikarvener, Karl Seglem, Nils Økland og Sigbjørn Apeland, som alle er kjende for å søkje nye uttrykk og utfordre det etablerte. Draumkvedet i januar med Berit Opheim og desse tre fantastiske musikarar i ryggen, er ei oppleving å ta med seg enten du skal møte balladen om Olav Åsteson for første gong eller har det som ei årleg hending. Utgangspunktet for konserten er cd-utgjevinga Opheim/Seglem gjorde i 2009, der den kjende middelalderballaden står fram som eit eineståande musikalsk visjonsdikt.
«Varmen og klangfullheten i stemmen og hennes vare lydhørhet for balladens stemningsrikdom er med på å dra deg inn i fortellingens dype alvor. Hennes vokale grep er totalt. Hun er den fremste i sin kunstform, og viser igjen sitt mesterskap» - Aftenposten
BERIT OPHEIM vokal KARL SEGLEM bukkehorn, elektronikk NILS ØKLAND hardingfele SIGBJØRN APELAND trøorgel
Om Draumkvedet: Vi møter draumane og visjonane til Olav Åsteson. Han fall i svevn julaftan, og vakna 13. dag jul. I draumane vandra han gjennom dødsriket og såg syndarane få si straff. Draumkvedet handlar likevel ikkje berre om himmel og helvete. Olav Åsteson si vandring handlar om det å bli eit heilt menneske, og dei sterke, skakande og styggvakre draumane rommar det meste av det eit lite menneskeliv kan drøyma om og lengte etter.
Draumkvedet vart nedskrive av Jørgen Moe og M.B. Landstad midt på 1800-talet og har ei særeiga stilling i norsk og nordisk folkedikting. Dette visjonsdiktet fasinerer, utfordrar og provoserer, og er den mest sentrale og viktigaste middelalderballaden vi kjenner til.
Dørene åpner 19:00, konsertstart 19:30