BERGEN BIG BAND - "KURIA SUITE"

EVENT INFORMATION

Sleppefest for Kuria Suite

I 1990 vart Knut Kristiansen engasjert i å dokumentera musikken til Kuria-folket, heimehørande i Nyanza, Kenya. Då han i 2011 vart spurd om å skriva eit tingingsverk for Bergen Big Band til Vossa Jazz, valde han å bruka denne musikken, noko som resulterte i Kuria Suite. Endeleg er stykket spelt inn på plate, og i høve utgjevinga er dette ein unik sjanse til å oppleva unik musikk frå scena. 
At Bergen huser ein av dei fremste tolkarane av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990. 
Bergen Big Band (BBB) blei skipa i 1991 som ei vidareføring av Bergen Band, og har som målsetjing å vera blant dei beste og viktigaste storbanda, både nasjonalt og internasjonalt.

Billetter: 200,-/170,- (BT-fordel)/100,-(medlem)
Dørene åpner kl 20:00, konsertstart kl 21:00

Konserten gjennomføres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.

Bli medlem i Bergen Jazzforum via våre hjemmesider: https://bergenjazzforum.no/?page_id=937

bergenjazzforum
jazz
jazzforum
sardinen
usf
usfverftet
verftet
bergenbigband
bbb
knutkristiansen
kristiansen

Restrictions

Kun unummererte plasser.

18 års aldergrense (Vergeskjema tilgjengelig i døren)
Verge må være fylt 25 år og avstå fra alkohol under det gitte arrangementet.
Inntil to personer under 18 år pr verge.

Waiver

Kjøpte billetter refunderes ikke.

Rabatterte billetter er kun gyldig ved fremvisning av medlemskort eller rabattbevis.